fredag 30. mars 2007

Påske:)

No er det det endeleg påske. Etter eit par tøffe veker med naturfagrapportar, prøvar og diverse stilar avslutta eg blodslitet med 2-2 (!)mot Hyllestad.

Det kamp der vi hadde spelet, men sleit med å få utteljing. Vi fekk til vårt eige spel og rulla fint opp på kantane i fleire høve.

Hyllestad kjempa godt i fyste omgang, men vart slitne utover kampen noko som resulterte i endå fleire sjansar til oss (Vadheim/Høyang). Diverre klarte vi ikkje å få utteljing på desse heller. Måla for Vadheim/Høyang var scora av Thomas Rørvik (Fin "kneing" frå 5 meter) og Jack (Sikker Straffe). Med litt meir tur og dyktigheit framfor mål håpar vi på nok eit scoringsshow i kampane framover.

No ser eg fram til ein deilig veke på hytta der eg skal stå på ski og slappe av i solveggen:)

God Påske!

Ingen kommentarer: